mandag 18. oktober 2010

Sanninga

Er det sant? Ja, det er sant at sanninga snakkar sant. Men er det alltid like lurt å være så direkte når man snakkar sant? "Eg synes du ser fin ut, men dei skoa passet absolutt ikkje til antrekket! Føtene dine ser kjempestore ut" 
Sanninga kan vere vanskelig å forstå. Om du først har lovet evig truskap til sanninga, må du holde løfter.  Er du gift med sanninga, må du regne med å bli ein einsam person, for sanninga vil være som ei streng kone. Fortel du ein kvit løgn vil ho sjå på det som utroskap og søke om skilsmisse. Om du bare er med sanninga, vil ingen andre være med deg. For ingen liker sanninga, og sanninga liker ingen.
Men kven vil være med deg om du ikkje kjenner til sanninga? Om du aldri seier "hei" til ho? For ingen liker folk som holdar avstand frå sanninga.
Ho er vanskeleg å forstå seg på. Man kan ikkje være gift med ho, eller være uvennen hennes. Eg er i eit opent forhold med sanninga, kva med deg?

 

1 kommentar:

  1. fanatastisk innlegg, nooripews!!
    du har bare blitt så flink!!!

    SvarSlett