torsdag 8. oktober 2009

Døden

Du kjem inn døra og blir møtt av ein vegg,
Lukter,
Mat,
Drikke,
Brent ved og krydder.
Men dette betyr ikkje noko for deg.
For det som fangar oppmerksemda er gjestane rundt bordet.
Det sit ein familie der,
Dei har malt om munnen,
Men det når ikkje augo,
For det ligg ein stilla,
Og pusten stanser i det du skjønner kva det er;
Døden.
Han sit rundt bordet med eit bredt glis
Og stirer på deg og du skjønner med eit,
At dette er ditt siste pust.
Hjartet ditt som bankar vil slutte og
Aldri slå igjen.

Skrevet av Malin og Nooria

1 kommentar: